Album

Tell til tjuge (2020)
Gjeve ut på Grammofon. Spela inn i Velvet recording i Spydeberg med Christer Krogh bak spakene og som medprodusent. Det er 9 låtar på cden, og 10 på vinylen.

Broder (2016)
Gjeve ut på Grammofon. Spela inn hos Tor Magne Hallibakken i Nesbyen og produsert saman med han.

Stram deg opp (EP-2015)
Me laga ein EP med 4 låtar i studioet vårt i Flatdal. Ein fele-ep. Gjeve ut på Grammofon.

Leva meg opp (2014)
For fyrste gong på Grammofon. Me reiste til Kai Andersen i Athletic Sound i Halden igjen!

Ein kveld med Ni Liv (2013)
Gjeve ut på Big Box. Dette LIVE-albumet er spela inn på Skogen Gård i Bø (som er rive), i tillegg til to låtar frå Viser ved Kanalen i Lunde. DVD med 6 låtar følgjer med.

Langhelg (2011)
Gjeve ut på Norskamerikaner. Albumet er spela inn hos Kyrre Fritzner i Fredrikstad, og produsert saman med han. Langhelg blei nominert til Spelemannpris i countryklassa (Onkel Tuka vann).

Hallingspark (2010)
Hallingspark er gjeve ut på Universal Music. Albumet er spela inn hos Kyrre Fritzner i Fredrikstad, og produsert saman med han.

Sjumilsteg (2008)
Det einaste albumet me har gjeve ut på eige plateselskap – Telemarkana Records. Produsert saman med Eivind Skovdahl.

Telemarkana (2007)
Det fyrste albumet som Ni Liv, gjeve ut på Warner Music Norway. Den fysiske cd-en finst ikkje lenger. Albumet er spela inn i Athletic Sound i Halden og produsert saman med Kai Andersen.