Ni Liv

Nytt album 24. april 2020!

Tell til tjuge Singel Ni Liv

Singelcover Tell til tjuge

Me gler oss til å ny plate og ny musikk, og den 24. april skjer det! Det sjette studioalbumet vårt skal heite Tell til tjuge. Det er 4 år sidan sist album (Broder), og 13 år sidan det aller fyrste i 2007 (Telemarkana). Tell til tjuge kjem ut på VINYL og CD. Vinylen inneheld 10 låtar, CDen 9.

Albumet er spela inn under fire produktive dagar i Velvet Recording, Spydeberg – med Christer Krogh bak spakene. Krogh har miksa musikken, og produsert albumet saman med oss i bandet.Tell til tjuge, som også er tittelen på ein av songane på plata, fortel noko om at me ikkje bare har tenkt oss om denne gongen – me har tenkt oss godt om. Det gjeld det musikalske og tekstlege, men det gjeld også samarbeid, arbeidsmåtar og vegen vidare. 

Ein tidleg vårdag i 2018 sette Jon og Jan Birger seg ned i eit småkaldt øvingslokale i Oslo med kvar sin kassegitarar, ei kanne kaffe, ein bunke opne kort og eit knippe spørsmål som trengte svar. Kva for band vil me vere? Kven skal dra vogna vidare? Orkar me meir? Kor går vegen? Kvelden endte opp i eit nytt samarbeid, to nye tankar og tre nye låtskisser. Tittellåta Tell til tjuge er ein av desse tre:

Åssen sier ein hei til ei ein ikkje orkar å sjå?
Åssen sier ein «hade» til ei ein ikkje vil gå ifrå?
Let att augun og tell til tjuge

Singelen Tell til tjuge kjem 3. april!