Ni Liv

Nytt album 25. september 2020!

Me er stolte av å gje ut vårt 7. studioalbum: Tell til tjuge! Albumet er ute på vinyl, cd og overalt der du lyttar til musikk. Spel høgt!:)

Nye musikkvideoar

Cover - Tell til tjuge - Ni Liv

Nytt album i dag: Tell til tjuge!

Me er stolte av å sleppe vårt 7. studioalbum i dag: Tell til tjuge! Plata inneheld 10 ferske låtar, skrive av Jon og Joffe i samarbeid, og arrangert av bandet. Det er fire år sidan sist album, så me har gleda kånn lenge til denne dagen! Alle låtar er spela inn over 4 dagar i Velvet recording med Christer Krogh bak spakene og som medprodusent. Det var eit suverent samarbeid. Christer var særleg opptatt av å få groove og lydbilde til å puste. Synst du me fekk det te? 

Her kan du lesa meir om album og låtar🙂

JOFFE & JONS bandshow (Episode 2)

Fredag 8. mai kl 15.00 smell me igang episode 2 av Joffe og Jons bandshow! Me gler kånn! Direkte frå Jons musikkhus i Bø. Joffe og Jon byr på musikk i ulike valørar, gitartips, reportasjer, Eivinds Snekkerskule og ikkje minst intervju med Stauts låtskrivar, tangentist og kjernekar Ørnulf Juvkam Dyve. Låtskriving stenn på agendaen!

Håpar du vil vera med kånn ein liten time før helga set inn!

Joffe & Jons bandshow

Joffe & Jons bandshow – Episode 1

Joffe & Jons bandshow har premiere fredag 1. mai kl 15.00 te 16.00. Ein times direkte livestream frå Studio Skogkanten i Bø. Det blir reportasjer, musikk, intervjuer og mykje meir! Bandshowet streamast på Ni Livs facebook-side kvar fredag. Søndagskveld blir det lagt ut på Ni Livs Youtube-side, og som podkast. Me håpar du har lyst til å følgje med! Heng på:)