Armen tett rondt jenta mi

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Telemarkana (2007)


Det regner i dag.
Ute e det grått.
Tromminga på taket
kviskrar: ”Vått”.
Og e det ikkje rart åssen kroppen roar seg.
I går var det sol og fart – i dag blir det musesteg.

Ein tanke, eit gjesp,
blunkar tårunn’ vekk.
Gløttar ut på vegen –
ein sildrebekk.
Og e det ikkje rart åssen verda snur seg om.
I går var det sol og fart – i dag e gata tom.

For meg kan det jønne bare regne heile dagen.
Det e så godt å ligge her og nynne på ein melodi.
Kroppen e ny, dyna e varm
og armen tett rondt jenta mi.

Sovnar – ein draum.
Regn blir te sludd.
Vaknar og kryp
inn te naken hud.
Og e det ikkje rart åssen livet bremsar ned.
I går var det sol og fart – i dag e det her eg e.

For meg kan det jønne bare regne heile dagen.
Det e så godt å ligge her og nynne på ein melodi.
Kroppen e ny, dyna e varm
og armen tett rondt jenta mi.

For meg kan det jønne bare regne heile dagen.
Det e så godt å ligge her og nynne på ein melodi.
Lufta e ny, dyna e varm
og armen tett rondt jenta mi.