Tida kjem

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Telemarkana (2007)


Tida flyg, sukkar businesskaren tungt,
og hoppar på neste fly.
Tida stenn, tenker kassadama stilt,
kvar dag e eit deja vue.

Men jenta ropar glad.
I morgo kjem ein fin dag.
For tida gjeng ’kje – tida kjem.
Kjem og møter deg,
kom og bli med meg.

Tida mi, seier gubben likeglad
og reiser på nok ein fest.
Tida kåns, tenker kjerringa,
lang tid sea ringar og prest.

Men jenta ropar glad…

Tida før, kviskrar pensjonisten trist.
Livet gav meining då.
Tida etter, tenker enka og vil heim –
her nede e dagenn’ grå.

Men jenta ropar glad…