Vende vanene

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Tell til tjuge (2020)


I kveld trakk eg i finstasen og tok med meg sjølv på byen
Ein dram for senka skuldre, og to for senka augebryn
Det er så fort å bli blenda av dom som skin så skrekkeleg
så tri for glømme, og fire for å hugse deg

Eg jobbar ennå nedpå saga, og sjølv om det er et jag
sluntar eg aldri unna. Eg skoftar aldri ein regnversdag
Det er meir enn ein kan sea om gamlenabo’n Tor
Du hugsar han som tok ein «3-dagar» for et tett nåsåbor

Bare ein gong til
Så skal eg vende vanene

Eingong drakk me livet frå kasser med jubelbrus
Ungenn budde heime, og du ville ha meg i hus
Nå drekk eg av gamal vane, hælj inn og hælj ut
men eg er ikkje han som hugar og aldri vil innsjå at festen er slutt

Minner gjeng på krykker, og du, du gjeng på rim
Eg kan sjå deg smile på bånn av ein dobbel Jim Beam
Livet er for kort, denna songen au, igrunn
til å få forklart for ein jækla stut eg var som oppførte meg sånn

Bare ein gong til
Så skal eg vende vanene

Eg dro ut i god tru, og kom heim i feil kropp
det eg tenkte måtte ned, og det eg drakk måtte opp
Nå snurrar eg som gamal LP full av hakk
og syng på lange vokalar og forstenn åffår du stakk

Men i morgo når eg vaknar og slikkar gamle sår
skal eg ringe til meg sjølv og spørre: Prata eg med deg i går?
Ingen av kånn hugsar, men om verdama melder sol
skal eg tørke den fuktige historia kåns over lenestol’n

Bare ein gong til
Så skal eg vende vanene