Eg tek det på hæl’n

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Sjumilsteg (2008)


Eg ruslar fri og glad omkring,
og planlegg ikkje nokken ting.
Eg tek det på hæl’n.

Eg kjem for seint rett som det e,
men klokkur driv eg ikkje med.
Eg tek det på hæl’n.

Følk smell i veggen og slit seg ut.
Eg har helse som ein våryr stut.
Eg tek det på hæl’n.

Nabo’n har ein ”sjuande sans”:
Avtaler, møter, børs og finans.
Fjorten timars dagar, sju te ni,
pluss pendling, hæljer og overtid.
Boka e stinn,
det spørs om’n får trøkka inn
eit kvarter te gravferda si.

Problem kjem, problem forsvinn.
Ute av auga, ute av sinn.
Eg tek det på hæl’n.

Eg tenker støtt: ”Kjem tid, kjem råd.
Den tid den sorg, eg vil leve nå”.
Eg tek det på hæl’n.

Eg ruslar fri og glad omkring,
og planlegg ikkje nokken ting.
Eg tek det på hæl’n.
Eg tek det på hæl’n.
Eg tek det på hæl’n.