Ni Liv

Verhane

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Fra albumet Leva meg opp (2014)

Eg speidar og spanar
Eg stenn stødig på to
Eg vakar og varslar
Eg strir med nebb og klo

Eg ser blåne bak blåne
Eg ser sola stå opp og gå ned
Eg ser tunge, mørke skyer
Eg ser vinden i kvitauget

Eg gjer kje etter for kuling
Eg gjer kje etter for storm
Eg e konge utta krone
Eg e krigar utta uniform

Eg mistar ikkje motet
Eg ramlar ikkje ned
Eg e stenn her stolt på mønet
festa te ætter fyre meg

Eg e ein verhane
Eg e ein verhane
Eg e ein verhane
Eg e ein verhane
Ein verhane!

Eg ser dom som selde roret
Eg ser dom som kasta seil
Eg ser dom som driv som rekved
og trur det e andres feil

Eg veit at vegane e mange
Eg veit at verda e vid
Eg veit at eg held skansen
og kjempar te evig tid

Eg e ein verhane
Eg e ein verhane
Eg e ein verhane
Eg e ein verhane
Ein verhane!