Erlings gym

T: Jon Solberg og Halvor Dag Rinde / M: Jon Solberg
Frå albumet Telemarkana (2007)


”La la la…”

Elle ungenn’ terga Per Moen.
Son av lærar – femte generasjon.
For alder’n var’n liten og spe,
og han hadde ’kje mykje å stille opp med.

”Beinrangelpode”, sa Bent,
ein kjekkas med svensk aksent.
”Fløtt deg spirevippen”, sa Knut,
ein lubben fyr med sjokoladetrut.

  Og dom sang: ”La la la…”

Per fekk juling og bank i eit sett,
men ein dag tok’n te vett:
Ringde Erlings Gym og meldte seg inn.
Der løfta’n og pumpa, og tok step og spinn.

Kvar dag, kvar veke, kvar månad,
heilt te ein vårdag da isen bråna.
Fem år i pumpebransjen –
og så var’n klar te revansjen.

Nå Bent skal du få som fortent.
Nå Knut kan du pakke deg ut.

”Dekkan vil ’kje betre ha det”,
sa Per, og bruka knyttnevaparet.
Te slutt så fekk’n vera i fred,
og’n takka Erlings Gym for det.

Og Per sang: ”La la la…”

Ein dag vaska’n av seg sveittestanken,
og gjekk og tok opp lån i banken.
Erlings Gym  låg for sal,
og der såg Per stort potensial.

Ein million kosta stasen,
og der blei Per nå basen.
”Med musklar kan ein komma langt”,
smilte Per nonchalant.

Per blei rikast i bygda,
Bent og Knut blei trygda.
Men tysdagar klokka to
pakka dom treningstøy og sko,
for å reise på spinning i tri kvarter,
og timenn’ blei sponsa av Per.

Og elle sang: ”La la la…”