Tjønnimellom

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Sjumilsteg (2008)


Har du ein stad du kan reise te
når det bare e deg sjølv du vil vera med?
Ein fin stad, slik som min stad.

Har du ein plass dit nesten ingen dreg?
To tjønner, stigen, skogen og deg.
Ein fin stad, slik som min stad.

Det finnst kje nokken betre stad å sjå
Eit eventyr får tida me var små
kjem flygans i det blå,
der eg og pappa bruka gå
tjønnimellom med Norheimsjakke på.

Har du ein stad der elt e som før?
Der skogen svarar om du spør.
Ein fin stad, slik som min stad.

Har du ein plass der du veit du finn
tankar som kan lyse i draumen din.
Ein fin stad, slik som min stad.

Det finnst kje nokken betre stad å sjå…

Det kom viktigare ting – eit år blir fort te ti.
Men etter ein yttersving fann eg att Norheimsjakka mi.

Har du ein stad du kan reise te
når det bare e deg sjølv du vil vera med?

Det finnst kje nokken betre stad å sjå…