Gruble i kor

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Langhelg (2011)


Det e sagt og skrive så mykje om livet,
og om elt me jønne sku’ visst:
E livet ein smellbongbong, ell’ ein dårleg song
synge av ein stor artist?

Kanskje livet e ei reise der elle må spleise
på billetten te neste stasjon?
Ell’ ein hard kappestrid med elt for lita tid
og dårleg kondisjon.

Me hugsar det fæle og elt som e gæle,
Men me glømmer elt som e bra.
For mange e livet det som skjer mens ein driv’e
og planlegg elt ein ska’.

Det e ’kje lett å vera stor.
Eg ser ’kje livet for bare tankar og ord.
Eg e blenda av elt mellom himmel og jord.
Så velkommen om bord, nå kan me gruble i kor!
Å-å å-å ååå, gruble i kor.
Å-å å-å, gruble i kor.

Det e tanken som tæl, så eg tenker meg ihæl.
”Eg tenker, altså e eg”, sa Descartes.
”Tenk nasjonalt”, sa Grieg, og ”tenke sjæl”, sa Trond Viggo.
Think el-bil, thinkpad, think smart.

Ari Behn finn lykke i å vera et smykke,
og skrive at’n røyker seg stein.
Märtha ser englar som smiler og heng der
for å helde stien hennars rein.

Det kom ei jente på dynna med et blad og ho forkynna
at Jehovas frelse var best.
Men eg hugsar nabojenta som stod på vegen og venta
mens me andre hadde bursdagsfest.

Det e ikkje lett å vera stor…

Ein skal veta mykje for å veta å lite ein veit.
Og når ein veit det, e det vel bare greit
å rive av seg den tronge snippen,
og dra handa gjennom sommarklippen,
og ikkje tenke lenger enn te nåsåtippen.

For livet handlar ikkje bare om elt ein ikkje kan forklare,
om store og vankelege ting.
Ein unge på stranda plukkar konglar i sanda
og legg dom fint i ein ring.

Og mens ein sit der og glublar te tankenn’ snublar
og kaffen e lunka grut.
Har to konglar fått bein frå ei tørr furugrein
og armar som strekk seg ut.

Ein må ’kje glømme å leve, ta sats ut i svevet,
ein lever jo bare te ein dør.
Høyre fyglesongen, ta ein dag av gongen,
og ver din eigen sjåfør.

Det e ikkje lett å vera stor…