Late Jon

T: Jon Solberg / M: Trad.
Frå albumet Ein kveld med Ni Liv (2013)


Jobbe halv ni te fire kvar dag
Vera aktiv i et arbeidslag
Tjene pengar og tenke pensjon
Nå må du skjerpe deg, late Jon!

Late Jon, late Jon
Du e te plage og frustrasjon
Surt felespel e ingen profesjon
Få deg ordentleg jobb, late Jon!

Du sit og gnikkar når eg kjem heim
Det let kattehyl og slakk viftereim
Når eg ropar e det null reaksjon
Nå må du skjerpe deg, late Jon!

[Ref]

Få fingenn ut og turbo’n inn
hell så legg eg fela di ut på finn
Begeret e fullt og konto’n tom
Nå må du vakne opp, late Jon!

[Ref]

Late Jon, late Jon
Du e ei plage, ein stein i sko’n
Surt felespel e ingen profesjon
Få deg ordentleg jobb, late Jon!