Engel

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Tell til tjuge (2020)


Etterpå var eg supermann – eg var kongen sjølv
Før var eg dødsdømt – ein krøping i et fangehøl
Midt i var eg forbanna, og eg ønska heile verden pokker i vold
Eg hata alle, mest meg sjølv,
så eg gjorde ein deal med djevelen og mista kontroll

Eg fann Jesus på tempelplassen, så eg jaga festen og velta bord
Duene stakk av, men selgerenn stod att og skreik i kor
Eg visste eg måtte kjøpe, måtte drekke opp, for kroppen skulle ha sitt
Så drømte eg om gamledagar og vakna opp til nok et mareritt

Ååå – engel

Hør på din fars formaning, og gløm ikkje det du lærte av din mor
Eg gjorde som du skreiv kong Salomo, men for meg var det kleine ord
Det er rart, dom beste menneska er alltid så sikre i sin tvil
Slik du leita etter meg lenge før eg visste eg hadde gått meg vill

Ååå – engel

Du er ein engel, ein engel, ein engel, det er det du er
Det må ha vore Han, håkken andre skulle ha sendt deg ned?
Du veit folk pratar, men til hælsike med folk! Eg hadde ikkje levd utan deg
Det er fjeset ditt og stemma di som reddar meg

Ååå – engel