Flekke tenner

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Tell til tjuge (2020)


Du reiser på festar og håpar du snart skal bli glad nok
Der du kan vera deg sjølv, men så er det aldri bra nok
Du er samla når du er aleine, men aleine blant venner
Det er da, kjære venn, det er da du må flekke tenner

Du blei ikkje mata med sølvskei, du fekk ikkje alt opp i henda
Du klatra opp sjølv og sette att stegan ned til renna
Du er glad i snille folk, men du har skarpe antenner
Det er da, kjære venn, det er da du må flekke tenner

Du er god i alt du gjer, men du tør ikkje si det
Du har bore rundt på Jantelova sidan du var 4
Du har blitt dolka i ryggen, og såra brenner
Det er da, kjære venn, det er da du må flekke tenner

Du kikkar ut på verden bak grå persienner
Du er fanga i ei rolle du ikkje kjenner