Ting me veit

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg og Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Songen om i morgo (2023)


Det blei keldt mens me sov og ikkje følgde med
Verden blei for hard, det blei for langt mellom hjertene
Du har sett på skjermen, ein gutt som deg
bli bomba av dødsmaskiner på ein skuleveg

Me har ‘kje prata om krig, og var det opp te meg
konne du godt få vore liten ei beite te
Men du har mange spørsmål. Eg har få svar, min venn
når ungdom må lære å skyte naboen

Ting me veit som ikkje alltid e sant

Mange brukar våpen for å lage fred
men les om Gandhi, han gjorde ‘kje det
Skjermen kryr av historier som kom dit fysst
men eg kan fortelje om Solzhenitsyn, om du har lyst

Krig e når vaksne sender ungdom te å dø
Krig e lover på avveie og løgner i kø
Krig e folk på flukt, mørke skyer som driv
Milliardar av kroner, millionar av liv

Ting me veit som ikkje alltid e sant

Du veit at kjærleik e sterkare enn frykt og hat
Du veit det meste kan løysast med god prat
Du veit at elle folk e like mykje verdt
og at me e gjester på jorda, det har du lært

Men når elle lyg, hårr blir det av sanninga?
Håkken e det som fortel historia?

Landegrenser har blitt tegna med blod
Historia e fæl, men ho e au god!
Om du ‘kje lyder deg sjølv blir du kommandert
og katastrofer blir kopiert

Ting me veit som ikkje alltid e sant