Ni Liv

- Livet er tabber ein ennå ikkje har gjort - (Fin)

Presse

Ni Liv er eit americana-band frå Bø og Midt-Telemark med tekstar på norsk. Musikken speglar heile bandets kollektive basseng av musikalske idéar og krumspring. Ni Liv har sidan starten i 2003 spela over 500 konsertar rundt i Norge og gjeve ut 8 studioalbum, 2 ep-ar og ei konsertplate. Plata «Langhelg» frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i countryklassa.

Bandet har vore lista på P1’s spelelister heile 14 gonger. Låtar som Kan eg få lov til å elske deg, Det var den gong, Kastanjehår, Merkeband, Gruble i kor og Ikkje spør blir jamnleg spela på norgeskanalen og andre riksdekkande radiostasjonar.

I 2013 feira bandet sitt 10-årssjubileum, og slepte konsertplata «Ein kveld med Ni Liv». Den inneheld 17 liveversjonar av tidlegare utgjevne låtar i tillegg til live-hiten Late Jon.

25. september 2020 kom Ni Livs 8. studioalbum, «Tell til Tjuge», med 10 nye låtar. Mykje av den musikalske inspirasjonen er henta frå bandmedlemmenes største heltar, som: Old Crow Medicine Show, The Rolling Stones, Bruce Molsky, Paul Simon, The Band, Bruce Springsteen, Tom Petty, Tom Waits, Steve Earle og Dolly Parton.

Tekstane gjev eit usminka blikk på livet og tida me lever i. Ni Liv skriv og komponerer, arrangerer og produserer all musikken sin sjølv, og spelar inn låtane live i studio. Det skal vera ekte og energisk!

 

«Musikken er umiddelbar, og tekstene er til ettertanke» – Telemarkavisa

«Om du ikkje har skjønt det før, dette er ei fantastisk plate» – Firdaposten

«Nok en gang i fremste rekke av norskspråklig tekst og sangformidling (…) Herlige og folkelige rytmer» – Trønderavisa

«Livfullt og rufsete» – Vårt Land

 

Ni Liv er:
Jon Solberg: vokal, fele og akustisk gitar
Jan Birger Akerhaugen: el. gitar, akustisk gitar og kor
Eivind Aase: trommer, perkusjon og kor
Terje Meisingset: piano, hammond orgel, Fender Rhodes og synth
Knut Olav Sandvik: bass og kor

Plateselskap: Grammofon – www.grammofon.no

 

Pressebilder

Foto: Knut Utler