Sirener i styrtregn

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg og Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Songen om i morgo (2023)


Benken kler ‘kje parken
Parken kler ‘kje meg
Noah bygde arken
Moses opna veg

Om eg konne flyte
og seile vekk igjen
Men trua e bare ei myte
meint for sondagen

Sirener splittar mørket
Det e utrykning ein stad
Kom og redd han dekkan ser i forbifarta
Kan eg få fylleringe deg med ein «to-prosent»-mobil
Eg e eit lykkebarn, kom og redd meg, ver så snill
Eg kastar tomme boksar mot doble stjernetegn
Sirener i styrtregn

Det e ‘kje byen som våknar,
det e bare eit blaff av Aristoteles
Men svalene e kråker
og folka tomme fjes

Det e ‘kje dagen som renn
Det e bare eit diktarpoeng
Og Gud e eit gjenglømt svar
på eit spørsmål ingen treng

Sirener splittar mørket
Det e utrykning ein stad
Kom og redd han dekkan ser i forbifarta

Kan eg få fylleringe deg…

Eg e gjennomsiktig
Eg e skjør og redd
Eg e eit snofnugg i regn
Hått e det som har skjedd

Mor mi lot meg vinne
Far min lot meg få
Lærer’n lot meg sleppe
Venner lot meg gå

Eg har vore eit smykke
eg har vore eit trofé
Ingen lærte meg å beinhardt livet e

Kan eg få fylleringe deg…