Har det på hjertet

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg og Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Songen om i morgo (2023)


«Du har ‘kje tenkt å sea noko», sa ho
og leika med håret sitt der ho stod
«Eg tenkte ‘kje lenger enn å gå bort te deg»,
sa eg og grua meg

Ho lo og sa: «Eg kjenner deg igjen.
Eg såg deg på pøbben ludagen.
Du var han som spela, eg var ho som sang med
og kunne tekstane»

Har det på hjertet – ein eksplosjon
Har det på tunga – ein kollisjon
Har det på hjertet
te ho hviska «Eg veit.
Be meg ut på date»

Eg sa: «Eg såg ‘kje deg. Eg hadde hugsa deg»
Ho svara: «Nei, du tok gitaren og stakk din veg»
Når eg løftar augunn’ treff eg aller midt i
for mykje vind å skyte i

Eg sa: «Du må forveksle meg med ein aen
for dom som hørte på konn’ tellast på ei hand»
Ho sa: «Du kan ‘kje telle. Me var på prikken 9!»
Så tok ho handa mi

Har det på hjertet…

Har det på hjertet…