Songen om i morgo

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg og Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Songen om i morgo (2023)


Skål for draumar det aller blei noko av
Som dansa om dagen og som lyste om nåtta
Eg riv i ein øl, du riv i eit håp
E det nytt å fortelja heimifrå?
Og me syng ein song
Ein god song
Ein god song om i morgo

Skål for måla me aller gredde å nå
Som fekk kånn på beina og som fekk kånn te å gå
Eg e ‘kje deprimert, eg e bare litt trist
Du e ‘kje skada, du har bare slått deg litt
Og me syng ein song
Ein god song
Ein god song om i morgo

Skål for Berit i butikken med spørsmål og lure smil
Skål for Helge på hotellet som aller tek seg ein gvil
Skål for bygda, her følk fær det te
Du veit, det e bære at ho veks enn at ho blir lagt ned
Og me syng ein song (Syng ein song)
Ein god song (Syng ein song)
Ein god song om i morgo

Ein konfirmant på veg te messe
Ein menig te si plikt
Ei studine te sine bøkar
Ei mor te sine dikt
Som filosofar har me leita etter svar
Lengta etter meir og vore glade for det me har

Skål for kveldar med tusen historier
Leirbål og stjernehimlar, og lykka når du ler
Skål for deg, min vakre venn
nå renn lyset og tida inn i baren igjen
Og me syng ein song (Syng ein song)
Ein god song (Syng ein song)
Ein god song om i morgo

Ja, me syng ein song…