Presseskriv

I år feirar Ni Liv 20-årsjubileum med nytt studioalbum som kjem ut 20. oktober. Albumet heiter Songen om i morgo, og kjem ut på vinyl og digitalt. 10 nye låtar!

Ni Liv er eit americana-band frå Bø og Telemark med tekstar på norsk. Musikken er i landskapet folk, country, rock og vise. Ni Liv har sidan starten i 2003 spela over 500 konsertar rundt i Norge og gjeve ut 8 studioalbum, 2 ep-ar og ei konsertplate. Plata «Langhelg» frå 2011, blei nominert til Spelemannspris i countryklassa.

Bandet har vore spelelista på Nrk P1 over 15 gonger, sist med songen Kan eg få lov til å elske deg frå det siste albumet «Tell til tjuge» (Grammofon, 2020).

Frontfigur Jon Solberg og gitarist Jan Birger Akerhaugen har laga musikken til nyplata. Tekstane står Solberg for. Dei gjev eit usminka blikk på livet, kjærleiken og tida me lever i. Orda er festa i bygdekultur, skog og fjell, bil og landeveg. Ni Liv skriv og komponerer, arrangerer og produserer all musikken sin sjølv, og spelar inn låtane live i studio. Det skal vera levande og ekte.

«Musikken er umiddelbar, og tekstene er til ettertanke» – Telemarkavisa

«Om du ikkje har skjønt det før, dette er ei fantastisk plate» – Firdaposten

«Nok en gang i fremste rekke av norskspråklig tekst og sangformidling (…) Herlige og folkelige rytmer» – Trønderavisa

NI LIV er:
Jon Solberg: Vokal, gitar, fele
Jan Birger Akerhaugen: Gitar, kor
Knut Olav Sandvik: Bass, kor
Terje Meisingset: Piano, orgel
Eivind Aase: Trommer, kor

Pressebilde

NiLiv-2023-pressebilde-lite
2023 - Foto: Morten Bjerk
2020 - Foto: Knut Utler