Da eg og bestefar var små

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Telemarkana (2007)


Elt var betre før, det har eg alltid meint.
Mykje mindre stress, det gjekk bedageleg og seint.
Om bussjåfør’n var sjuk, ja da fekk du heller gå.
For tid det var det nok av da eg og bestefar var små.
Toget bremsa ned i kvar sving.
Roleg gjennom skog og dal, du fekk sjå deg omkring.
Hått e vitsen med ekspress og krengetog
der du får meddag så fin og dyr,
når elle pasasjerar stenn på dass og spyr.

Elt var betre før, ja det var ei anna tid.
Ungar hoppa strikk, sparka fotball og gjekk på ski.
Nå har dom verken hørt om Birger Ruud hell Oddvar Brå.
Det sku’ tatt seg ut da eg og bestefar var små.
På hoppet stod det kvistar av grån.
Og bestefar kom lengst, sjølv om dom kella’n ”små’n”.
Då e det bare gameboy og tv-spel,
cheeseburger og brus.
Og foreldra tol ’kje sleppe ungenn’ ut av eige hus.

Elt var betre før, det e bare slik det e.
Ingen hadde mobil, men me gredde kånn for de.
Og ikkje trong me ringe tjuge vendur for å forstå –
ei avtale var ei avtale da eg og bestefar var små.
Bli med ut i pråmen klokka sju.
Auren i vatnet bit vel bra da, hell hått trur du.
Men viss du spør ungdommen i dag
hått ein fisk e, da får du svar:
”Noko firkanta makkverk du får kjøpt på Spar!”