Cowboystrekk

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Bygdabilly Band (2006)


Eg strevar trutt og truge her på garden Ruge,
eg har budd her i ell mi tid.
Eg e av stolt ætt og eg gjer meg ikkje lett
så eg har tepassa drifta mi.
Det e ‘kje tida for kønn og store dyr med hønn,
nei, ein må tenke nytt og og vera frekk.
Så nå ligg eg her som ein glad visjonær
og tek meg ein cowboystrekk.

Eg vil ’kje i fengsel hell ha bot så eg sel gras på rot
og gamalt skrot som eg kellar ”antikk”.
Og varbjørka eg har e fine eksemplar
det e knivmakerns favoritt.
Men ein kan ’kje leva av det, så cannabisen på badet
gjer meg inntekt i påse og sekk.
Så nå ligg eg her med ein rev te dessert
og tek meg ein cowboystrekk.

Nabo’n min Jon driv i gamal tradisjon
med ku og kønn og gris.
Men norske oljemiljardærar har ’kje råd te eigne varer
så Jon må selge te gje-bort-pris.
Han blir for liten og har slått seg på spriten.
Han har fått seg ein real knekk.
Så nå ligg eg her med steemar, sukker og gjær
og tek meg ein cowboystrekk.

Den eines død e den andres brød
og eg nektar å bli fattig som fanten.
Så eg har sett meg nødt te å helde dynna på gløtt
te business som e litt på kanten.
Men ein desemberdag kom lensmann Krag,
og det nytta ’kje å spele kjekk.
Så nå ligg eg her med ein purk som aksjonær
og tek meg ein cowboystrekk.