Ni Liv

Hallingspark

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Fra albumet Hallingspark (2010)

Eg e kje født i går, eg e kje gamal hell.
Eg har gått nokka mil, men ikkje flytta fjell.
Eg slår meg kje fram, eg kan godt gå rundt.
Eg treng kje hoppe i det, eg kan gå der det e grunt.

Eg spring kje som jåså’n, eg ruslar jamt og trutt.
Og elle veit at skilpadda vann te slutt.
Eg e kje lut i ryggen, eg e kje bratt i nakken.
Eg gjeng som eg gjeng og har beina på bakken.

Eg let stjernun på himmelen henge i fred
eg rekk kje opp, og dom dett kje ned.
Men ikkje tru at eg har slokna for det.
Eg e strålans rett som det e,
og tek eit hallingspark frå Telemark!

Eg kan snu orda rette vegen, men eg skrik dom kje ut.
Når eg pratar svarar ikkje berg og nut.
Eg gjeng kje med dress og elt for store sko.
Eg kler meg kje jålut så folk skal glo.

Eg let stjernun på himmelen henge i fred…

Eg har eld som varmar og brenn,
men eg leikar ikkje med’n.
Veden må vera tørr, ikkje rå,
men du brenn deg viss du legg for mykje på.

Det e bra i sola, men det e best i skuggen,
så opp med parasollen og ned med stolryggen.
Eg har gode dagar, eg har dagar som gjeng kleint,
men gode dagar kjem aller for seint.

Eg let stjernun på himmelen henge i fred…

Eg tek eit hallingspark frå Telemark!