Ni Liv

Heimevernet

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Fra albumet Hallingspark (2010)

Så ligg eg her og sutrar igjen.
Ryggen verker og gnagsåra brenn.
Eg klorar meg fast te ein kulepenn – eg vil heim.
På Ipod’n syng gamle Hank
Ramblin’ Man, om å vera fri og frank.
Men eg har fire flate hjul og tom tank – eg vil heim.

Det e tøft å sjå på Rambo.
Det e tøft å sjå James Bond.
Men eg e bare ein tøffelhelt,
og kjem alltid te å vera sånn.
Det e ’kje råd å sove,
kom og redd meg Tove
frå ei trang kaserne i Heimevernet.

Befalet ropar, stemma e kvass.
Me trenar på nærstrid og gass, gass, gass,
men eg har tankenn’ ein annan plass – eg vil heim.
Eg e redd for geværet, eg har ’kje kontroll.
Eg treff’ ’kje pappfiguren på 10 meters hold.
Det stenn 0 poeng i befalets protokoll – eg vil heim.

Det e tøft å sjå Max Manus
sprenge skip på mange tusen tonn.
Men eg e bare ein tøffelhelt…

Eg sku’ jønne ha skrivi at eg e ein mann
som kjempar heroisk for sitt fedreland.
Men eg e hjelpelaus som ein fisk på land – eg vil heim.
Detta e plikt, eg e klar over det,
men den siste eg ville ha gått i krigen med,
e ein skvetten spirevipp som bare hiv seg ned og vil heim.

Det e tøft å lesa om Milorg,
Kompani Linge og elt det der.
Men eg ser knapt bak og fram
på eit AG3-gevær.

Det e tøft å sjå på Star Wars
og The Guns of Navarone.
Men eg e bare ein tøffelhelt…