Bånn gass

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Hallingspark (2010)


”Det e mykje å gjera”, sa Jon Lie.
Nåtta e kort, og dagen stri.
Ifrå hanen gjæl te sola renn.
Tek eg den, så tek eg den!

Ein må drive med mykje og mangt
for at livet skal bli interessant.
Kalendern’n e full, og full igjen.
Tek eg den, så tek eg den!

Tek eg den,
(Bånn gass, bånn gass, min venn!)
så tek eg den!
(Båe endar brenn!)

Ein må vera te nytte, vera i bruk.
Så eg nektar kroppen å bli sjuk.
Det e slik me e laga, barske menn.
Tek eg den, så tek eg den!

Tek eg den…

Eg bøygde eller av for kuling og bris.
Eg møtte veggenn’ på Ylvis-vis.
Men veggenn’ blei tjukke og høla små –
det gjekk som det måtte gå.

Nå sit eg rett ut dagen derpå.
Kroppen e gul og sjela blå.
Det e lenge te eg sit, lenger te eg stenn.
Tek eg den, så tek eg den!

Tek eg den…