Ni Liv

Inga hylle

T: Jon Solberg / M: Knut Olav Sandvik
Fra albumet Hallingspark (2010)

Heim i dovent gatelys.
Eg kjenner at eg frys.
Elle husa sev og pustar meg i nakken.
Regnet vaskar dagen av,
det tora her i stad,
og eg tek fatt på siste bakken.

Dom seier det e godt å høyre te
der det e ein grunn
te å starte om att.

Men det som før så ut
som verda for ein gut
snører seg rundt meg.
Fjøra skal i not.
Treet må slå rot for å kunne leva.
Livet e ein reol som me skal fylle,
men eg fann inga hylle –
det var ’kje plass te meg.

Ein katt smyg seg ned
bak søplekassene,
og finn ein beta ingen ville ha.
Ein pjuskut bakgardskatt
blir ståans aleine att,
og morgongryet renn nedover panna.

Dom seier det e godt å høyre te
der minna ligg og ventar bak kvart hjørne.
Men det som før såg ut…