Ni Liv

Bø te Lonne (på 7.20)

T: Jon Solberg og Halvor Dag Rinde / M: Jon Solberg
Fra albumet Ein kveld med Ni Liv (2006)

Me var 18 år, yre som to tiurar om vår’n.
I ny pappabil – Ford Escort.
Notta låg over Bø, renska for purk og kø.
Langli’n spente seg fast – nå sku’ det gå fort!

Eit tordnans drønn – Langli’n gjedde flatt jønn.
Blårøyken stod bak Forden.
Bø te Lonne elt me konne.
Nå var det tid for å knekke rekorden.

Bø te Lonne elt me konne.
Har du 140 så lettar du på Kleppe.
Dårleg dosert i Engrav, der kan det sleppe.
Men bilen te Langli’n hang som ein varm vaffel!

Det gvein og det dunka –
gjennom Veirudkrysset før me fekk blunka.
Eg klora meg fast te det som var.
Tunellsyn og øresus, det knitra av gamal grus.
Stive i blikket og møre bak.

Finger’n på klokka mens Langli’n gira og tråkka.
60-sona på Svenseid fauk forbi.
I Helgetveitsvingen e lågprofil dekk tingen,
med nåla på 70 og dårleg tid.

Ned mot Østerå, to ville kuskar piska på.
Ut på Lonnebrua med eit vræl!
Det var ’kje te å tru – klokka viste 7.20
Ny rekord, men pulsen var fæl.

Bø te Lonne elt me konne…

Me var bleike og kvite. Såg rett fram – sa lite.
Langli’n stoppa motor’n – me gjekk ut.
Og der ved soloppgang var gutt blitt te mann.
Manndomsprøva var bestått!

Bø te Lonne elt me konne…