Ni Liv

Lenge sea toget stoppa her

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Fra albumet Sjumilsteg (2008)

Held rondt meg, klem meg og kyss meg
slik som dom på film alltid gjer.
Før var det liv på perrongen,
men det e lenge sea toget stoppa her.

Ein mann midt oppi åra gjeng i regnet,
heim frå pub med ustøe steg.
Han kan nok vegen heim, det e ein vane.
Og denna torsdagsfulle fyren, det e meg.

Held rondt meg, klem meg og kyss meg…

Eg hugsar godt den tida eg var atten.
Eg var lauken i laget, yr og vill.
Verda var eit kakefat i jula,
og vinden var ’kje keld, men lun og mild.

Held rondt meg, klem meg og kyss meg…

Det blir visst elt for mykje for dom fleste.
Stress e følkesjukdom i dag.
Men eg har stoppa opp for lenge sea,
ingen hører tomme hjerteslag.

Held rondt meg, klem meg og kyss meg…