Den feite dama mi

T: Norsk tekst: Jon Solberg / M: Merle Travis
Frå albumet Bygdabilly Band (2006)


Ho held meg varm heile vinter’n,
ordnar nydeleg skygge på sommarstid.
E det rart eg likar den feite dama mi.
Og når me dreg ut med båten
så slepp eg tenke på redningsvest –
av elt på vatnet e det dama mi som flyt best.

Ho e så snill og mjuk og eg blir godt stelt.
Mjuk e ho forresten overelt.
Eg treng ’kje seng så lenge ho e mi
for valkenn hennars e så gode å ligge i.
Varm heile vinter’n,
nydeleg skygge på sommarstid.
E det rart eg likar den feite dama mi.

Ho e kilen som ein unge,
og ho e eit syn når ho bynnar le –
det dissar og skvulpar så ein stakkar må gjømme seg.
Men ho har bein i nåsa –
du sleng’kje med leppa når ho gjeng forbi
da får du ein på trynet av den feite dama mi.

Eg finn alltid ly i vind og blest,
inni armkroken hennars e eg hyppig gjest.
Og kjem det ein pøbel, kjøn og hard,
så har eg 300 kilo med bodyguard.
Varm heile vinter’n,
nydeleg skygge på sommarstid.
E det rart eg likar den feite dama mi.

Det e ingenting som bekymrar meg.
Eg tråvar fram med muntre steg.
Dama mi e søt ifrå halsen og opp,
og onder der så har ho ein praktisk kropp
som held meg varm heile vinter’n,
og ordnar nydeleg skygge på sommarstid.
E det rart eg likar den feite dama mi.
Nei, e det rart eg likar den feite dama mi.