Gynge

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Langhelg (2011)


Da eg var liten og las i Hobbitten
da hadde eg et klatretre
i urskogen, rett bak huska mi.
Det var ’kje bare, for i feltet mitt var det
ingen større tre enn det:
Ei grån i stram giv akt
som liksom stod på vakt
for å jage bergtroll viss dom kom forbi.

Og høgt opp i krona, som på kongetrona,
ja, så høgt opp som det gjekk an,
der hadde eg ein hemmeleg gøymestad.
Der blei ein stor, ja, konne sjå heile jorda
og ned på Andersens altan.
Bygda, lang og strak
med elva og lienn’ bak,
og stolte fjelltoppar på rekke og rad.

Gynge i vinden, sjå jorda e rond.
Gynge i vinden, ein hemmeleg spion.
Hårr vil du dra? Bare fly avstad.

Da eg var liten og aller blei sliten
gjekk tida seinare enn nå.
Ein dag var som ei veke, og vel så det!
Det var perfekt for ein med mange prosjekt
og mykje rart å finne på:
Fotballproff i England,
gitarhelt i rockeband,
og reise jorda rondt frå toppen av et tre.

Gynge i vinden…