Ni Liv

Ying og yang

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Fra albumet Hallingspark (2010)

Ho var ei heftig ludagsnått,
han var sondagsmorgon med kaffekopp.
DJ-en spela pop – Michael Jackson utan stopp.
Ho var ein storm – våt og vill,
han var solgangsbrisen – lun og mild.
Dom dansa te Billy Jean.
Ho kviskra: Du e bare min!

Han kunne kje leva utan ho,
og ho kunne kje leva utan han.
Dom var verset og refrenget i ein sang,
og sammen sang dom låta Ying og Yang.

Ho var ein skjærgårdsjip i plan,
han var ein pråm som trutnar innte land.
Dom gjekk der hand i hand på stranda i det sola rann.
Ho var ein Porsche kabriolet,
han var ein triogfemti 2CV.
Så sette dom seg ned
i ly under eit eiketre.

Han kunne kje leva utan ho…

Ho var juni – lett på tå.
Han var januar med trugur på.
Han var lut, ho var rak.
Det krev styrke å gjera seg svak.

Ho var ei heftig ludagsnått,
han var sondagsmorgon med kaffekopp.
Ho vakna opp så smått.
Han spurte: Har du sove godt?
Ho var ostekanapé,
han var havregraut med smørauge.
Frukost med nytrekt te.
Bak åsen viste sola seg.

Han kunne kje leva utan ho…

Og sammen sang dom låta Yin og Yang.