Grave seg ned

T: Jon Solberg / M: Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Broder (2016)


Så fingra eg på den blå dingsen igjen
Hei, det e meg, din gode venn
Viss du har det konge, vil eg ikkje sjå det
Sola skin på tidsfordriv
og stjerner i sine eige liv
Månen skin på grå kattar som meg

Det e bare å grave seg ned
Ned te Kina
Om bare huet kunne la meg vera i fred
Det e bare å grave seg ned
Ned te Kina
Om bare verden kunne snurra sammen med meg

Presten stakk av med brura mi
Brura mi har meg på si
Får eg hundre likes skal eg banne høgt i kjørkja
70 prosent slit med depresjon
Limt te ein elt for smart telefon
30 prosent slit med elle 70

[Ref]

Løgna e vid og sanninga trong
Når ein e dommar og jury og bøddel på ein gong
Ingen kan elske, som ikkje elskar seg sjølv
Del og lik. E du for eller imot?
Kloke lærer mykje av ein idiot
Eg tek og taggar meg på ei sprengt barnetru

[Ref]