Ta godt vare på

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Hallingspark (2010)


Så e hausten her, ingen tvil om det.
Skogen har finstasen på.
Ein fargetornado i buskar og tre.
Bjørka i hagen har pynta seg.
Noko heilt utruleg skal skje.

Og elt skal me få,
let att augunn og sjå,
og ta godt vare på.

Haustvinden helsar og fyk forbi –
lufta blir skarp og blå.
Raslande teppe langs veg og stig.
Me gjeng der to, snart blir me tri,
ho klemmer rundt handa mi.
Og elt skal me få

Nakne greiner og gyllen sno –
sola gløttar ned på skrå.
Me kler på kånn eit morgongry,
spring ut i vinter’n, keld og ny,
og ein kviler trygt i ly.
Og elt skal me få

Dagen ropar, sola stig,
nytt liv for store og små.
Skog og enger skifter ham,
vognspor ut av ein sauledam,
me lokkar sommar’n fram.

Og elt skal me få