Anne Li i heia

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Tell til tjuge (2020)


Når eg kjem heimatt til sommar’n, da veit eg hått eg skal
Sveise hølet i den gamle potta og kjøre Tempo til Liheia
Der bur Anne, vakre Anne. Ei jente eg kjente før
Ho sa: Bare kom når du vil, her er det open dør!

Opp til Anne Li i heia
Ho gjev meg den rette pleia
Ho får eg aldri nei av
Opp til Anne Li i heia

Me var på nyttårsfest hos Anne, heile gjengen i 92
Vidar sa: Eg blei født da ho kyssa meg, og daua da ho dro
Han stal sveisen av Humphrey Bogard, og vhs-en av meg
Men Anne sa: Dekkan er vinden. Eg er Lifjell – skal ingen stad

Vidar gifta seg med ei frå Lunde, eg har hat-trick i å vera skilt
Han sier: Eg er mykje flinkare enn deg til å vera utro og likestilt
Det har han sikkert rett i, for detta spelemannslivet er hardt
Ett steg fram, to tilbake og rope på meir fart

Ho var sammen med ein diktar på 60, godt og væl
Han dikta mest om døden, har eg hørt, og så dikta’n han seg ihæl
Men eg hugsar ein fest i bygda da ho spurde: Vil du danse med meg a?
Dom andre dansar betre enn meg! Ho sa: Ja, men dom vil eg ikkje ha!

Eg trur ikkje på happy endings, men eg trur på ein lykkeleg start
Når eg kjem heimatt te sommar’n, når Anne ser meg att
Da kan musikken og vegen vente, dom reiser ingen stad
Men viss ho spør, om eg tør, finn eg fela mi og spelar Anne glad