Jakob

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Tell til tjuge (2020)


På tide å pakke, på tide å dra
Gløm ho, Jakob, gløm ho
og finne lykka ein anna stad
Det er over Jakob, gløm ho

Legg att skuld og legg att skam
Gløm ho, Jakob, gløm ho
Reisa startar med ein fot fram
Det er over Jakob, gløm ho

Du veit du alltid har vore stolt
Gløm ho, Jakob, gløm ho
Men stolt har aldri kjærleik tålt
Det er over Jakob, gløm ho

Reis med vinger, på hjul eller kjøl
Gløm ho, Jakob, gløm ho
Du reiser aldri frå deg sjølv
Det er over, Jakob, gløm ho

Det er over Jakob, gløm ho
Det er over Jakob

Du veit me haustar det me sår
Gløm ho, Jakob, gløm ho
Lær deg å elske det ingen klappar for
Det er over Jakob, gløm ho

Det er ei tid for latter, ei tid for gråt
Gløm ho, Jakob, gløm ho
Ei tid for å synge ei avsjelslåt
Det e over Jakob, gløm ho

Det er over Jakob, gløm ho
Det er over Jakob