Kan eg få lov til å elske deg

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg / Jan Birger Akerhaugen
Frå albumet Tell til tjuge (2020)


Eg kan vera vrien å forstå
og ikkje så lett å komma innpå
men prøv likavæl, så skal du sjå
Kan eg få lov til å elske deg?

Eg kan virke tøff på utsida
livet lærte meg det ein stad
men når eg ser deg renn maska av
Kan eg få lov til å elske deg?

Når skyunn samlar seg
Når jorda spinn galne veg – kom til meg
Kan eg få lov til å elske deg?

Var det himmelen eller hjertet som dundra mest
den gong du tok handa mi heim frå fest
alt me ikkje sa hugsar eg best
Kan eg få lov til å elske deg?

Og eg misunte regn og vind
som fekk røre ved håret og huden din
og tørke tåra på høgre kinn
Kan eg få lov til å elske deg?

Når skyunn samlar seg
Når jorda spinn galne veg – kom til meg
Kan eg få lov til å elske deg?

Eg har skrive 100 brev og kort
og nesten sendt dom, men eg har ikkje tort
Å bli forelska i deg er det beste eg har gjort, men
kan eg få lov til å elske deg?

Når skyunn samlar seg
Når jorda spinn galne veg – kom til meg
Kan eg få lov til å elske deg?

Eg er ubrukeleg
når eg ikkje får hjelpe deg – kom til meg
Kan eg få lov til å elske deg?