Gamlevegen heim

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Hallingspark (2010)


Eg e glad i det trygge, det e bare slik det e.
Nye vindar e vel og bra, så lenge eg får sitta i le.
Vekst og framgang e fine ord,
men når ein bles med vinden, kan farten bli stor.
Så kom og bli med meg.
Eg veit om ein annan veg.

Gamlevegen heim, den siste biten.
Gamlevegen heim, med gras i midten.
Gamlevegen heim, eg tek gamlevegen heim.
Gamlevegen heim, over stein og røtar.
Gamlevegen heim.
Der små guteføtar sprang i vårvåt sno
med løvetann te mor.
Eg tek gamlevegen heim.

Ingen lagar køar, og ingen pressar bak.
Og møter eg nokken, så helsar me,
og kanskje slår me av ein prat.
Eg kjenner kvar kneik, eg kjenner kvar sving:
Over jorde, inn i skogen og gjennom ei grind.
Så kom og bli med meg.
Eg veit om ein annan veg.

Gamlevegen heim, med sår og sprekkar.
Gamlevegen heim, over opne bekkar.
Og på ein stabbestein
kan me kvile trøytte bein.
Eg tek gamlevegen heim.

”Kom og prøv den nye asfalten min!”,
lokkar motorvegen, smørblid og fin.
”Eg e bygd for fart og spenning, kom og kjør!”
Men eg tek heller omvegen som eg kjenner så godt ifrå før.

Gamlevegen heim, gjennom tun og enger.
Gamlevegen heim, det e det som fengar
ein som syns det e
godt å gire ned.

Eg tek gamlevegen heim, smal og svingut.
Gamlevegen heim. Der elgen spring ut
på jorde av og te
og blunkar lurt te meg.
Eg tek gamlevegen heim.