Raymond

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Telemarkana (2008)


Raymond blei vel sett på som nokko for seg sjølv.
Mens andre sjekka damer, satt’n heime å spikka skjerefjøl.
Han passa ’kje inn, uansett trinn, i skule hell sosialt.
Dom fleste meinte’n var ein mammadalt –
ein mammadalt.

Raymond fekk seg hybel i gatas beste strøk.
Men han heldt seg stort sett heime, og det var dårleg med besøk.
Når du gjeng på trygd i ei lita bygd, veit elle håkken du e.
Men ingen ser ’hell ensar deg for de –
ensar deg for de.

Raymond lika jenter, ja håkken gjer ’kje det?
Men det e tungt å vera ukyssa og førtitre.
Elle har ein trang te kos i fang og sengeleik – øm og varm.
Men det blir kleint med stell når du manglar mot og sjarm –
når du manglar mot og sjarm.

Raymond hadde aller vore lenger enn te Vreim.
Han hugsa godt den dagen, for han lengta så gruleg heim.
Men av og te måtte’n ut, og ned te Landmann etter karva blad
Han tenkte: Livet e langt nok når’n ikkje skal nokken stad –
når’n ikkje skal nokken stad.