Slik e det å høyre te

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Telemarkana (2007)


Eg kan feste eit minne te kvar einaste flekk
langs kvar veg, stig og bekk,
her eg gjeng og ein gong gjekk.
Mykje blir endra når åra får gå,
men minna kan sjå elt som hendte.

Der budde bestekompis Tor.
Me bygde hyttur i høge tre –
der det nå ligg ein dyr kafé.
Slik e det å høyre te.

Elt virkar mindre nå enn det gjorde da.
Ifrå huska her, var
det bare dom gærne som hoppa av.
Og i urskogen mot bekken i hytte med hem’leg skatt.
Det var meir enn eit lite kratt for ein på åtte.

      Der budde Kyrre – stor og sterk.
Eg var liten og spe,
men han erta ikkje bare meg.
Slik e det å høyre te.

  Der budde fyrste jenta mi.
Ho som riksvegen resste med,
ho som ikkje konne slå seg ned.

Så kjem eg te krysset der me eingong stod.
Bussen kom, og du dro –
det var slutten for kånn to.
Men når isflak av tid driv av garde, så håpar eg
at såre minne finn fred bak nye gode.

Eg skal ’kje reise nokken stad.
Over åsen gløttar sola ned,
og våren virkar litt nærare.
Slik e det å høyre te.
Slik e det å høyre te.