Leik i system

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Da eg og bestefar var små (2003)


Eg har nå alltid meint at eg e brukbar på ski –
langrenn, hopp og telemark frå eg va’ åtte eller ni.
Og gjengen i gata va’kje vanskeleg å be,
for i Breisås venta spenning utfor skrentær og mellom tre.
Og brått va’re ein som fann ein strøken kul med ovarenn.
Dermed va’re VM og me va’ Weissflog og Nykänen.

Og på skulen der va’re skidag, ein populær tradisjon.
Elle va’ på pletten, det koka av motivasjon.
Me kjempa og me sleit med blodsmak i kjeften og stive bein.
Det e klart me måtte ta kånn ut, for målet va’ å bli nummer ein.
Og sku’re vise seg at tida ikkje heilt strakk te,
så va’re nye sjansær i hopprennet, der sku’re hoppast bakken ned!

Men så ein dag kom mor mi heim – væltefreds og bli:
«Eg har meldt deg på skikurs, Jon, i Gullbring klokka tri».
Der va’re barneidrett og nyaste pedagogikk –
ingen konkurranse, ingen måling hell statistikk.
Og i midten stod ein hop med studentær frå HiT i Bø:
«Nå binder vi sammen to og to, og leker skisisten – det er gøy med snø!»

Det blei med den ein gongen, det va’ meir enn nok fær meg,
fær skikurs e fær sofagrisær, som trur dom kan kjøpe seg eit sporty preg.
Ska’ru endre naturen, ja da fær du eit problem,
så ikkje tru at vaksne må putte leiken i system.

Hårr blei’re av tida da me konne leike sjølv?
– Da me laga rattkjælke av ein gammal spark og ei fjøl?
Ikkje trongst det kurs for å lage det perfekte hopp.
Spretten blei justert så me konne kviste ein furutopp.
Forbilder frå tv og aviser viste veg:
Gull og sølv og bronse, jumbo viss du va’ for treg.

Det blei med den ein gongen, det va’ meir enn nok fær meg…