Må bare må

T: Jon Solberg / M: Jon Solberg
Frå albumet Langhelg (2011)


Ein kuffert i handa med elt eg eig og har.
Eg nikkar forsiktig te ein Kviteseid-kar.
Ser oppover vegen med ettermeddagssola i panna.
Eg har resst i to dagar frå Lonevåg,
te Bergen med båten og te Drammen med tog.
Kjørte buss frå Bø, forbi Seljord,
nå har eg endeleg landa.

Må bare må, reise, bare må.
Må bare må, reise, bare må.
Me opnar ei dynn og ei anna gjeng att,
og Gud veit om vegen blir tung og bratt
eller lett å gå.
Men me kjører på. Må vidare nå.
Må, bare må!

Eg spør etter vegen te Bjønnflatin.
Tek følgje med elvesus og austavind.
Håpar eg får husrom på ein gard i nått,
og ein kaffetår hadde passa.
Det sleng ein tanke te Cesar og Rubicon
da eg kryssar Dalaåi for fyrste gong.
Ny bygd, ny jobb, ny heim.
Nå e loddet kasta!

[Ref]

Dalen blir trongare, sola forsvinn.
Eg var innom ein stad, men dom slepte meg ’kje inn.
Får håpe det fins følk her i bygda som e litt meir positive.
Eg klagar ikkje, eg e vant te å gå,
men sjølv ein stril treng av og te å legge seg nedpå.
Eg har reist langt,
og i morgo bynnar resten av livet.

[Ref]